Med haust og skulestart kjem lysten til fornyelse og orden hos meg. Rettare sagt oppussing, til mannen her i huset sin store fortvilelse.
Men eg set i gang, og han avsluttar....
Eg har malt gangen, den gamle kommoden fekk seg eit malingstrøk og speilet fekk svart ramma.
No må eg mala dørene og vindauga, for dei er jo svært so gult i den kvite og nymala gangen.
Eg har ikkje blogga slik eg hadde tenkt i vår.
Eg har ikkje hatt lyst eller vert enig med meg sjølv om kva eg synes om meg sjølv som bloggar.
Kjenner på det der å utlevera for mykje rundt meg, mitt og mine som litt uvant. Men eg trives godt i bloggeverden og kosar meg dagleg med lesning av interiørbloggar.
Difor skal eg blogga om det eg har lyst til å dela når det passar meg!